mandag, september 05, 2005

i null...

...kva hende?

Kor tok min kjøkkensambuar vegen?
Tonje,min Tonje..eg saknar deg slik.
Kva skal eg gjera no,utan dei filosofiske tekoppane på balkongen
(eg har forresten slutta og røyke),
utan fiskegratengmiddagar,
utan nullskaladiskusjonar,
utan nasjonalsongen (sunget av mannskor),
utan julemusikk i august?

Og kva gjer du no i hovudstaden,tigerstaden,utan meg?
Kan hende er der ein flaggermus på golvet ditt?
Kven skal ta han for deg?
Kven skal trøsta deg når jula ikkje kjem?
Kven skal læra deg å laga mat utav ingenting?
Kven skal gje deg råd om kva du skal gjera?
Kven inviterar deg på fersken og krem midt på natta?
Kven skal vera storesyster di no?

Ingen kommentarer: